Assistent institusjon

Vindafjord kommune
Full-time ølen, rogaland General HR
Posted:
June 08, 2026
Location:
ølen, rogaland, Norway

Job Description

Er du ein engasjert person som ønsker å gjer ein forskjell?

Hos oss får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande miljø, med varierte oppgåver som gir deg både utvikling og meistring. Kanskje er dette også eit steg på vegen mot fagbrev?

Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdeling. Me har eige kjøkken som lagar mat kvar dag, og tilsynslege tilgjengeleg to dagar i veka.

Me nyttar årsturnus som går frå februar til februar, der du har moglegheit til å legge inn eigne ønskjer.

Hos oss ønskjer me eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, med kort veg til engasjerte leiarar som lyttar til dine idear. Me legg til rette for at medarbeidarane våre skal få utvikla seg fagleg og innan eigne interessefelt, og at dei skal ha ein arbeidshverdag som motiverer og engasjerer.

Me er i stadig utvikling, og ønskjer å kome i kontakt med deg som vil vere med på å gjere ein forskjell ...

Apply for this Job

Submit your application for the Assistent institusjon position at Vindafjord kommune.

Apply Now Save for Later

Job Overview

Job Type: Full-time
Location: ølen, Norway
Posted: June 08, 2026
Deadline: July 18, 2026